Ringoy Camping

Ringøy Camping - tett på fjorden


Heilt nede ved fjorden ligg Ringøy Camping. Her er det god plass til bubil, campingvogn og telt.
I vakre Hardanger er det mykje fint å oppleva for store og små, og Ringøy Camping passar ypparleg som base for ekskursjonar i nærområdet. Forslag til aktivitetar og turar kan du lese meir om her.

Alle våre gjester er hjarteleg velkomne til å låna robåten vår. Du kan også bruka veden og fyra opp på den koselege bålplassen. På veggen ved toaletthuset finn informasjon om ein av dei mange gåturane i området. 

Prisar og betaling

I ruta til høgre finn du prisar. Når du kjem til Ringøy Camping kan du sjølv finna deg ein plass, det er ingen resepsjon på campingen. Vertane tek ein runde kvar kveld og helsar gjestene velkomen og for å ta imot betaling.

Viss du kjem seint: Campingplassen stengjer klokka 22.00. Kjem du seinare kan du finne deg ein plass og betale på Vipps 562010. Har du ikkje Vipps, kontakt oss før 9 om morgenen.

Velkomen til Ringøy camping!